• Freddy S. Brakestad

Norsk Fjordhestgard og Covid19

Oppdatert: aug. 8


Grunna Covid19-epidemien har det diverre vore liten til ingen aktivitet på Norsk Fjordhestgard i 2020. Styret har landa på at det vanskeleg vil la seg gjere å arrangere ridekurs og treningsleirar i 2020, men håpar at ting endrar seg i byrjinga av 2021.

I mellomtida vil styret i lag med frivillige dugnadsfolk gjere ein innsats for å heve det generelle inntrykket og standarden på lokala våre ved Norsk Fjordhestgard. Både utandørs og innandørs er det etter kvart store behov for utbetringar, og alt frå skifte av takrenner til oppussing av toalettfasilitetar og forsamlingsrom står på tapetet.

Håpet er at vi i 2021 kan få ønskje bygdafolket velkomne attende til eit flottare og meir velstelt område - inne som ute. Det er liten tvil om at det trengs ei oppgradering, og vi ønskjer alle som vil hjarteleg velkomne til å bidra i tida framover.


© Norsk Fjordhestgard 2020