Barneridning på Matamål 24.09.22



Laurdag 24.09 reiste vi frå Fjordhestgarden med 2 hestar for å ha barneridning på Matamål på Sandane. Vi lasta hestane Garlid Tiril og Nilsrosa på hengar og reiste avgårde til Sandane tidleg laurdag formiddag.



Vel framme på Sandane gjorde Ann Helen, Demi og Anne Marie hestane klare for oppdraget og traska gjennom eit yrande liv i Sandane sentrum. Vi tok oppstilling på Firda Bilag plassen i lag med Gloppen Bondelag som både hadde aktivitetar som hopp i høyet og sauer man kunne klappe på i nærleiken av oss.

Hestane blei fort ein populær aktivitet og Rosa og Tiril gjekk roleg runde på runde med smilande ungar på ryggen i fleire timar.

Hestane fekk seg ein liten pause nede ved promenaden. Der spiste dei middagen sin mens de naut den fine utsikta utover fjorden.




Etter endt dag bar da heimatte til Fjordhestgarden med fornøyde hestar og hjelparar.


Takk for ein kjekk dag på Sandane .

11 visninger

Siste innlegg

Se alle