
Det er gledeleg for Norsk Fjordhestgard å melde at rideskulane ut over hausten er fulle! Vi har att to ledige plassar på Knøttekurs, så her er det berre å kaste seg rundt og melde på dei aller minste.
Vi set opp venteliste for dei eldste, så om du endå ikkje har fått meldt på bornet/borna dine på rideskule, så er det ein ørliten sjanse endå. Send epost til norsk.fjordhestgard@gmail.com så set vi dykk opp på ventelista.
Velkommen til rideskule på Norsk Fjordhestgard!