Ride & Dine



Vi gjentek suksessen med dameweekend! 10. til 12.september blir det Ride & Dine på Norsk Fjordhestgard. Instruktør blir Stine Korsedal, som er utdanna ridelærar 3 frå Starum, og til dagleg jobbar ho som lærar på hestelinja på Mo og Øyrane Vidaregåande skule.


Det blir 3 økter ridning, teoriøkt og sosialt samvær!


Vi startar fredag 10.september klokka 16:30 med undervisning. Etter ridinga på fredag samlast vi på Good Mexican for å ete i lag.


Laurdag startar vi med teori, og litt med kva kvar enkelt vil jobbe med. Etterpå blir det privat undervisning på 30 minuttar.


Så tar vi lunsj!


Etter lunsj tar vi ein 1-timers skrittetur.


Dagen blir avslutta med gryte og sosialt samvær i kantina på Norsk Fjordhestgard. Her tek vi også ein gjennomgang av dagen.


Søndag startar vi klokka 11:00 med 30-minuttersøkter med kvar enkelt. Lunsj blir servert når alle er ferdige med si økt. Vi avsluttar helga med gruppetime med miljøløype i ridehallen.


Kurset er åpent for alle nivå, og ein kan gjerne ta med sin eigen hest. Men ein kan også leige hest hos oss!


Pris på kurset er 2500,- for dei som ønskjer å leige hest. For dei som tek med eigen hest, er prisen 2000,- pluss oppstalling.


Overnatting må ordnast av deltakarane.


Påmelding innan 5.september til norsk.fjordhestgard@gmail.com

105 visninger

Siste innlegg

Se alle