Takprosjektet vårt


Norsk Fjordhestgard har som mange sikker veit, eit takproblem. Taket er belagt med eternittplater, som inneheld asbest - og det er i tillegg veldig dårleg. Med stadige lekkasjar og vatn inn i bygget, opplever vi at det blir mykje skader på inventar og struktur.


MEN - vi er i gang med prosjekt "TAKFORNYING!"


Vi har tidlegare oppretta ein spleis til taket, der vi fekk inn 16.000,- I tillegg fekk vi lovnadar om støtte frå både private og frå Breim Bondelag.


Men vi har oppretta ein ny spleis, slik at dei som kan - får anledning til å støtte oss no ut arbeidsfasen.


Denne kan du støtte ved å trykke på denne linken. https://www.spleis.no/project/186671 Vi satsar på å møte våren 2022 med tett og flott tak, og eit inneområde som er langt meir innbydande enn det vi har i dag.

11 visninger

Siste innlegg

Se alle