top of page

Vinterlagring på NFHG 2023/2024.



Det er riktig nok berre mai endå, men vi veit at folk er interesserte i å få på plass vinterlagring av bubil og campingvogn for kommande vinter .


Norsk Fjordhestgard har ei nettbutikkløysing der ein kan gå inn og kjøpe lagringsplass på Fjordhestgarden. Vi har lagring i rubbhall og delar av ridehall for vinteren 2024 . Nettbutikken er no åpna for bestillingar.

Link til vår nettbutikk: www.norskfjordhestgard.com/butikk


De får no anledning til å gå inn og handle lagringsplass. Vi minnar om at lagringsplassen må vere betalt før de sett på plass utstyr på Norsk Fjordhestgard, og at utstyr som blir plassert på Norsk Fjordhestgard utan å ha bestilt/betalt plass, står her på eigar sitt eige ansvar. Vognene og bilane blir satt inn i veke 42 og planen er å få tatt ut att igjen til palmehelga i veke 12. NB: påska er veldig tidleg i 2024 så vi må ta forbehold om at vær og føre gjør det mogleg for oss å ta dei ut så tidleg.


Du kan allereie no gå inn på www.regnr.info og sjekke ut kva det vil koste deg å vinterlagre bubil, eller campingvogn på Norsk Fjordhestgard. Legg inn registreringsnummeret ditt, og scroll ned til "Mål og vekt". Der finn du totallengde. Norsk Fjordhestgard benyttar dette som oppslagsverk for å kontrollere di bestilling før du får bekrefting på at alt er ok.

Prisar for lagring av campingvognar og bubilar 2023/2024 ​Opp til 7 meter 3600,- 7-10 meter 4100,-

Vedlikeholdsladning 300 ,- ​

23 visninger

Siste innlegg

Se alle
bottom of page