top of page
Bjørn Fløtre i tet på en av rideturane arrangert av Norsk Fjordhestgard.

Historie

Ridetur arrangert av Norsk Fjordhestgard. Bjørn Fløtre, ein av grunnleggarane, i tet. 

Stiftinga Norsk Fjordhestgard vart etablert i 1988, men allereie tre år tidlegare vart grunnlaget lagt. Gloppeneventyret var to-dagarsturar i fjellheimen i Gloppen, både for innbyggjarar og turistar. Dette blei grunnlaget for interessa for hest i bygda, og etter kvart trengde dei ein base der hestane kunne stå på beite om sommaren. Ein gjeng på nærare 10 stykk gjekk saman og bygde om eitt nedlagt kyr- og grisefjøs. Det var både bønder, elektrikarar, snekkere og spesialistar på maskiner som bidrog. Til slutt stod stallen klar med 4 stallavdelingar, salrom i den tidlegare siloen og vaskespilt i det som ein gong var mjølkerommet. Dette vart det vi kjenner som Norsk Fjordhestgard.

Fjordhestgarden vart ei stifting fordi det var bygda som stod bak. Stiftinga består av dei lokale bondelaga, Gloppen og Stryn kommune samt andre organisasjonar i Gloppen. For å vere med som stiftar måtte organisasjonen betale inn 5000 kr til eit lutalag. Det var nemlig ikkje meininga at organisasjonane skulle stå for kapitalen, men heller at ein skulle søke om dette andre stader.

Gloppen kommune fekk dekka leiga av anlegget, og dei fekk eitt godt tilskot frå landbruksdepartementet. Målet og visjonen var at alt skulle komme tilbake til bygda, og at ingen som privatperson skulle tene på overskotet. Det var eitt langsiktig prosjekt, og det var mange som la sjela si i det for at Fjordhestgarden skulle lykkast. Dette vart ei samlingsplass for alle organisasjonane. Garden har frå starten av vore ein dugnadsstall, og låvebrua var då som no fylt med foreldre, hestekarar og oppstallørar som sette seg ned for ein kopp kaffi og ein god prat.

I vinterhalvåret var det to ansatte på stallen, i tillegg til Bjørn Fløtre som tok seg av kontorarbeidet. Om sommaren hadde dei to ekstra sommarvikarar. Det starta som sagt opp med turane på sommaren, men no trengde dei meir aktivitet resten av året også.  No omhandla tilbodet på Fjordhestgarden:

- Ridekurs nesten kvar dag heile året.

- Dagsturar på sommaren, med ein todagerstur i veka. Dei fortsette med rideskule på kvelden også, men med ein dag mindre rideskule på kveldstid sidan alle hestane var midt oppe på fjellet på todagersturen. Dei hadde hytte på fjellet fast ein dag i veka heile sommaren slik at dei fekk overnatting på turen.

- Aktivitetar utanom hest. F.eks. hundeklubben, bilcross, britsjklubb m.fl. hadde vekentlege treningar der.

- Kantina vart brukt til møter og samlingar (organisasjonane hadde møte, 4H hadde samlingar og møte der dei brukte dei forskjellige aktivitetane stallen kunne tilby).

- Utdrikningslag

- Bursdagsfeiringar og bryllup

- Større arrangement, som kultursjefens avslutning og 100 årsjubileum for Norsk Bondelag

- Samlingspunkt for ekvipasjane Sogn og Fjordane skulle sende til paraden under OL i 1994

- Opplegg for funksjonshemma med fisking, turgåing, ridning og køyring

- Folkehøgskulen si filuftsluinje hadde fast dag med turridning

Fleire av desse tilboda står også den dag i dag, og fleire av dei fast.

Fjordhestgarden var veldig attraktiv i mange år, og dei reiste rundt på forskjellige foredrag og snakka om det dei hadde fått til på garden. Spesielt interessant var kva dei hadde fått til innanfor ungdomsarbeid og at dei som hadde det vanskeleg på skulen kunne komme og jobbe på garden, og lære gjennom fysisk arbeid. Desverre vart Fjordhestgarden etter kvart konkurs, og i 2009 tok Gloppen Køyre- og Rideklubb over drifta av stallen. Frå 2009-2012 var det klubben som styrte stallen, alt blei drive på dugnad og det var ikkje lengre mogelegheit for å drive ein rideskule. I 2013 tok styret igjen over drifta, og ein liten rideskule vart starta opp. I dag er det ein ansatt ved stallen og i tillegg ein sommarvikar. Drifta av stallen har vorte meir og meir bygd opp att og forhåpentligvis blir Fjordhestgarden igjen like stor som den ein gong var!

bottom of page