top of page

Vi kom i mål med takprosjektet

Stallen Norsk Fjordhestgard held til i, er eit gammalt kyr- og grisefjøs. I 1988, tre år etter at Gloppeneventyret hadde starta, gjekk ei samling hesteinteresserte bygdefolk saman for å skape eit felles område for alle som dreiv med hest - og til slutt stod stallen klar med 4 stallavdelingar, salrom i den tidlegare siloen og vaskespilt i det som ein gong var mjølkerommet. Garden har frå starten av vore ein dugnadsstall, og låvebrua var då som no fylt med foreldre, hestekarar og oppstallørar som sette seg ned for ein kopp kaffi og ein god prat.

Men fjøsen var bygd med eternittplater på taket, og desse platene blei etter kvart så dårlege at det medførte risiko for alle som ferdast eller hadde arbeidsplassen sin på Norsk Fjordhestgard. Takrennene blei fulle av eternittfliser som rann av taket, det blei støv og skit på loftet - med asbest i og  vi fekk vasslekkasjar som øydela taket inne i kantina, i yttergangen, på toaletta og på kontoret. I det heile var det ikkje noko særleg helsefremjande - og heller ikkje særleg fint å sjå på. 

Difor starta vi i 2021 ein spleis, for å sjå om vi kunne greie å samle inn nok pengar til å gjere noko med det Vi sendte også ut søknadar om midlar til lag, organisasjonar og firma i området rundt oss. Målet var ambisiøst, men var ei forutsetning for  videre drift - all den tid ein ønskjer å ha Norsk Fjordhestgard som eit aktivt og flott tilbod i Breim og Gloppen. 

Tilsaman fekk vi inn ca 190 000 kr  og saman med oppsparte midlar gjorde dette til at Grønsberg AS  i  mai 2022 kunne gå igang med å skifte taket. Arbeidet holdt på framt til 9 juni.

Vi er kjempefornøyd med resultatet  og takkar for alle store og små bidrag  som gjorde at vi kom i mål med prosjektet.

Spesielt må vi  få rette ein stor takk til:

Breim Bondelag

Vikane Bondelag

Breim Hestetrygdelag

Vikane Hestetrygdelag

Gloppen Hestetrygdelag

Fjording

Olav Kårstad

 Og tusen takk til Grønsberg AS for  godt utført oppdrag.

bottom of page