Knøttekurs hausten 2025.
- Norsk Fjordhestgard
- 8. aug.
- 1 min lesing
Oppdatert: 5. sep.

Da er hausten nesten over oss igjen og både vi og skulehestane våre ser fram mot ein kjekk og aktiv haust på Fjordhestgarden.
Vi har startet opp med knøttekurs onsdagar frå og med 3 september frå kl 17.30 til 18.00.
Knøttekurs passer for barn mellom 3 år og 7 år som har lite eller ingen erfaring med hest og ridning.
På knøttekurset er målet å bli trygg i situasjonar på og rundt hesten. Vi skal lære oss å halde balensen på hesteryggen og gjennomføre enkle øvelsar i skritt. Ein av kveldane blir stalløkt kor hestane skal pussast , boksar møkkast og høyposar lagast. Vi legg også opp til at ein av kveldane blir ein ridetur i nærområdet dersom været tillater det.
Vi har ryttarer på dette kurset og foreldre må være med å leie hesten.
Vi køyrer 10 onsdager og prisen på kurset er 1500 kr.
Dersom vi må gjere kortare stopp i kursa ved sjukdom hos instruktør vil vi ta igjen desse kursa så fort det lar seg gjere. Det er ikkje ridekurs i haustferien , onsdag 6 okt.
Det vil ikkje bli foretatt tilbakebetaling av kursavgift ved fravær hos elevar.
Fjordhestgarden har ansvarsforsikring. Eventuell ulykkesforsikring må elevane halde sjølv.
Knøttekurset er fullt .
Sjåast på kurs 🙂



Kommentarer