top of page

Vinterlagring på NFHG 2025/2026.

  • Norsk Fjordhestgard
  • 21. apr.
  • 1 min lesing


Det er framleis berre april men vi veit at folk er interesserte i å få på plass vinterlagring av bubil og campingvogn for kommande vinter .


Norsk Fjordhestgard har ei nettbutikkløysing der ein kan gå inn og kjøpe lagringsplass på Fjordhestgarden. Vi har lagring i rubbhall og delar av ridehall for 25/26 . Nettbutikken er åpnen for bestillingar. Det er 10 plassar i kategorien under 7 meter og 17 plassar i kategoreien 7 - 10 meter.

Link til vår nettbutikk: www.norskfjordhestgard.com/butikk


De får no anledning til å gå inn og handle lagringsplass. Vi minnar om at lagringsplassen må vere betalt før de sett på plass utstyr på Norsk Fjordhestgard, og at utstyr som blir plassert på Norsk Fjordhestgard utan å ha bestilt/betalt plass, står her på eigar sitt eige ansvar. Vognene og bilane blir satt inn i veke 42 og planen er å få tatt ut att igjen til palmehelga i 2026. Vi må ta forbehold om at vær og føre gjør det mogleg for oss å ta dei ut vogner og bilar på det tidspunktet.


Du kan allereie no gå inn på www.regnr.info og sjekke ut kva det vil koste deg å vinterlagre bubil, eller campingvogn på Norsk Fjordhestgard. Legg inn registreringsnummeret ditt, og scroll ned til "Mål og vekt". Der finn du totallengde. Norsk Fjordhestgard benyttar dette som oppslagsverk for å kontrollere di bestilling før du får bekrefting på at alt er ok.

Prisar for lagring av campingvognar og bubilar 2025/2026 ​Opp til 7 meter 4000,- 7-10 meter 4500,-

Vedlikeholdsladning 300 ,-

 
 
 

コメント


bottom of page