Ridekurs for nybegynnar hausten 2025
- Norsk Fjordhestgard
- 9. aug.
- 2 min lesing
Oppdatert: 5. sep.

Da er hausten nesten over oss igjen og både vi og skulehestane våre ser fram mot ein kjekk og aktiv periode på Fjordhestgarden.
Vi har startet opp med eit nybegynnar kurs onsdagar frå og med 3 september frå kl 18.15 til 19.00.
Nybegynnar kurset passer for ungar mellom 6 år og 10 år som har ridd litt før og som kan styre hesten i enkle øvelsar.
På kurset er målet å bli trygg i situasjonar på og rundt hesten. Vi skal lære ridevegane og enkle rideøvelsar i skritt og trav .
Ein av kveldane blir stalløkt kor hestane skal pussast , boksar møkkast og høyposar lagast. Vi legg også opp til at ein av kveldane blir ein ridetur i nærområdet dersom været tillater det. Vi kjeme og til å lage ei økt med Voltige på vår supre voltigehest Samunda .
Vi har ryttarar på dette kurset og foreldre bør være med som støtte . Anne Marie er kurshaldar og vi har med oss folk som kan være med å leie og støtte deltagerne på kurset i tillegg men vi ser at rytterne synes det er trygt at foresatte er i nærheita .
Vi køyrer 10 onsdager ( ikkje kurs i haustferien 6 okt ) og prisen på kurset er 2000 kr.
Vi har hjelmar og sikkerheitsvestar til utlån.
Dersom vi må gjere kortare stopp i kursa ved sjukdom hos instruktør vil vi ta igjen desse kursa så fort det lar seg gjere. Det er ikkje ridekurs i haustferien , onsdag 6 okt.
Det vil ikkje bli foretatt tilbakebetaling av kursavgift ved fravær hos elevar.
Fjordhestgarden har ansvarsforsikring. Eventuell ulykkesforsikring må elevane halde sjølv.
Sjåast på kurs :)

Velkommen til kjekke dagar på Norsk Fjordhestgard!





Kommentarer