Ridekurs hausten 2021


Det blir oppstart av ridekurs i byrjinga av september. Vi har to godkjende instruktørar som tek seg av undervisninga, der begge er utdanna på Starum! Vi har òg fleire kjekke hestar som er klare for kurs.


Kursa vert delt inn etter nivå, og er åpent for alle nivå og aldrar. Vi legg vekt på sikker og trygg handtering av hest. Vi har hjelmar og sikkerhetsvestar til utlån.


Det vert også knøttekurs for dei minste, samt vaksenkurs! Vi har framleis nokre plassar ledig på knøttekurs!


Dagar for ridekurs blir måndag, tysdag og torsdag. Knøttekurs blir onsdagar. Kursa føl skuleplanen, og det er difor ikkje lagt opp for kurs i haustferien.


Ridekurset på måndagar er no fullbooka. Vi har ledig kapasitet tysdag og torsdag!


Påmelding til norsk.fjordhestgard@gmail.com.


Merk påmelding med "Ridekurs" og ta med namn, alder, litt om erfaring samt kontaktinformasjon til foreldre/føresette.


Det blir sendt ut informasjonsskriv i slutten av august.


Velkommen til ridekurs på Norsk Fjordhestgard!

226 visninger

Siste innlegg

Se alle