Vinterlagringa for vinteren 25/26
- Norsk Fjordhestgard
- 24. aug. 2024
- 2 min lesing
Oppdatert: 5. sep.
Vinte lagringa av campingvogner og bubilar på Fjordhestgarden for vinteren 25/26 er snart fullbooka . Det er 1 plass att i kategorien under 7 meter og ingen plassar att i kategorien 7 - 10 meter.
Bubil og campingvogn må seinast være parkert på angitt plass på fjordhestgarden innen søndag 19 oktober. Vi planlegg å setje inn vogner, bubilar og båtar i løpet av veke 43. Dette er ein jobb vi på Norsk Fjordhestgard tar oss av, så de slepp vere her når ting skal i hus. Vogner parkerast på countrybana på den samme sida som innkøyrina er på- lengst vekk frå E- 39. Sett vogna godt inn på bana og ikkje for nært bakken i bakkant. For dei av dykk med nøklar til bubil / campingvogn kan desse leggast i NFHG sin kvite postkasse på postkasse stativet litt forbi Fjordhestgarden. Ved levering setter vi pris på om du sender ei melding til Anne Marie på tlf 957 97 336 for å gje beskjed om at vogn og nøklar er levert. Husk å merke nøkkelen godt.
Alle enheiter blir tatt ut til palmehelga i veke 14 hvis vær og føre tilseier at det er mogleg.
Vi har ikkje moglegheit for å tilby tidleg uthenting av vogner og bubilar, dette av praktiske hensyn. Husk dette hvis du eventuelt skal bestille time for EU-kontroll!
Ein kan ikkje lagre gassflasker i einingane medan desse står på Norsk Fjordhestgard - og eininga må vere forsikra og registrert under heile lagringa.
Plasser kvitteringa frå bestillinga di i eitt av vindauga på eininga di, før du set den på plass på Norsk Fjordhestgard.
Om du har bestilt vedlikehaldslading, hugs at det då må vere tilgang til ein 2.5mm3 ladekabel på minst 20 meter.






Kommentarer